Kvar helg med Hero Camper – fjellglede i all slags vær

Frå kaffikoppen i soloppgangen til middagslaging i kraftig vind og to plussgrader. Etter seks sesongar med Hero Camper har me fått mange gode opplevingar til fjells – og erfart at camperlivet har sin sjarm også når været ikkje spelar på...

Frå kaffikoppen i soloppgangen til middagslaging i kraftig vind og to plussgrader. Etter seks sesongar med Hero Camper har me fått mange gode opplevingar til fjells – og erfart at camperlivet har sin sjarm også når været ikkje spelar på lag.


Me kjøpte Hero Camperen våren 2021, og allereie den første sesongen blei det 40 overnattingar. Sommaren var fantastisk, med mykje sol og ein ny camper som gav oss ein skikkeleg god start på livet på tur.

Dei neste fem sesongane har været vore meir skiftande. Likevel har me reist av garde med camperen omtrent kvar helg frå 1. mai til 1. oktober. I år blei det heile 70 overnattingar – ny rekord for oss! Alle dei seks somrane har me også brukt tre veker av sommarferien på tur med camperen.

Til fjells, der me trivst aller best

Me brukar camperen berre til fjellturar. Det er der me trivst best, og aller oftast går turen til Haukelifjell. I sommarferien er Jotunheimen ein favoritt.

Noko av det me set aller mest pris på, er at me kjem fram på ulendte vegar og kan finne ein plass eit godt stykke unna trafikken. Etter at me kjøpte camperen, har me vore endå meir til fjells enn før.

Å vakne til soloppgangen, sjå sola gå ned og ete nesten alle måltida ute – det er mykje av det me er så glade i med dette livet.

Ein annan fordel er kor enkelt det er å halde camperen rein og ryddig. Det går fort å vaske både inni og utvendig, og då får me meir tid til å vere ute.

Ikkje berre solskin og stille morgonar

Men skal me fortelje om Hero Camper-livet, må me ta med heile biletet: Ein må like å vere ute, og ein må tole å fryse litt innimellom.

Me har hatt mange gode, varme måltid ute og drukke kaffi i soloppgangen. Men eg har heller ikkje tal på kor mange gonger eg har stått og steikt middag eller kokt kaffi i to plussgrader og 15 sekundmeter vind, med både dunjakke og regnjakke på.


Og så sit me der og held fast i maten og koppane, så dei ikkje skal fyke av garde!

Det er ikkje alltid berre idyll. Samtidig har det sin sjarm, det også. Nokre gonger må me ta maten med inn og ete på senga. Det går heilt fint.

Varme klede og jervenduk er derfor alltid med på tur.


Alt klare for ein ny sesong

Sjølv om det blir både kaldt og vått innimellom, kosar me oss. Skulle me ønskt oss noko annleis, måtte det vere eit litt større kjøleskåp og fleire oppbevaringsboksar.

No blir camperen parkert for vinteren. Etter ein sesong med 70 overnattingar skulle ein kanskje tru at me hadde fått nok for ei stund.

Men me gler oss allereie til å ta han ut att.











Beste hilsen
Tove Kristin Eigestad & Nils Olav Lio

Handlekurv

Din handlekurv er tom.

Start å handle